4shared
DSC_0208

Ikkje grodd fast

Altfor lenge har gått sidan sist. Båten har ikkje flytt på seg, og me har sive inn i ein form for fast kvardag i Las Palmas. Ein snartur på jærske trakte er tilbakelagt, og muliggjort nye etappar på havet.

Forarbeid

Eg var tilbakers i båten akkurat i det kalenderen bikka august. Temperaturen var eit-hundre-og-hekkan i forhold til kva eg var blitt vand med i Norge. Muligens ein smule overdrive, men kontrasten var iallefall stor fra å køyra til arbeid 0515 om morgonen i 6*C og regn til å stå opp i båten i 0900 tiden, nær gjennomsvett av varme, for så å vase rundt i cockpit i berre boxaren og med kaffikoppen i neven. Og slik forsvant nå dagene, i tett samarbeid med vedlikehold, fiks og mekk på båten. Mye svette, bannskap og en og annen halvliter øl har gått med. Og «the latin way» som det seies her på holmane, er ein rævva «way». Mañana meg her og mañana meg der.

Eit eksempel; I 4 veker gjekk eg og venta på ein som skulle sveisa opp eit røryr ombord (for vindgenerator). Kvar kveld tok eg ein tur i baren nærast båten, for der var eg garantert å treffa han. Kvar kveld sa han «tomorrow, I assure you». Etter 3 veker byrja eg også å ta morgonkaffien med han der, for å masa. Same lyd i fela. Men ingen mann dukka opp. Og plutseleg hadde han fått jobb på fastlandet og reiste på direkten. Ut på leit etter ny sveiser. Mange gode råd frå nabobåtar var å henta. Eg fann sveisar med defekt sveisapparat. Eg fann defekt sveisar med fungerande sveiseapparat, eg vart tilbydt hjelp til å kontakta svindyre sveisara. Å finna kvar person her tok alt fra nokre timar til fleire dagar. I det alt håp var som hår for ein skalla mann, ein forlist draum, dukka det opp ein kar. Jobb utført til avtalt tid, stad og pris. Endeleg, nå skulle vindgeneratoren opp.

DSC_0180

 

 

 

 

 

 

 

 

(mannen som til slutt sveisa)

DSC_0027DSC_0032

(Vindgeneratoren kom utan maling, så det måtte til. 1stk blå 2komponents maling vart sett i sving. Som endel andre ting ombord. Kjøpt direkte fra Kina. :-) )

DSC_0126

(Meg og Rodrigo har pause fra skrubbing av skrog. Rodrigo er frå Brasil, og har blitt ein god ven)

Situasjon 2; Eg måtte dessverre bytta ut kontrolleren til motoren. Dvs dingsen som setter båten i gir og gir gass. Langs bryggekanten låg ein Volvo Penta forhandlar. (Me har Volvo Penta). Ønska gjenstand var på lager. Eg fekk ta på og halda den i handa, vart enig med eigar av butikk om at dette var «perfetto». Kunne hentas neste dag kl.11.00.

Då ein av deira mekanikere skulle fjerna ei festeanordning. (4stk popnagler). Dager går… På dag nr.4 med utsettelser og mañana, då mekaniker meinte at ny og gammel enhet ikkje var og lik. Ikkje ville fungere osv. Utruleg nok ville dei ikkje høyra på meg som kunde som berre ville ha avtalt gjenstand med meg og gå derifrå. Var til og med villig til og betala kontant.

Så sa sjefen for sjappå at sjefsmekanikeren skulle vitja båten min for å sjekka korleis dette kunne løysast. Det vart gjort klinkande klårt fri mi side at noko slikt var ikkje aktuelt å betala for, då eg igjen presiserte at det var unødvendigt og at eg berre vil ha varen. Men nei, kunden har ikkje rett i Spania. (Sjølv om det var greit at eg ikkje betalte for det). Når det byrja å nærma seg avtalt tidspunkt for mekanikeren kom telefonen. «Sorry, mañana». Dag 5 gryr. Utruleg nok så kjem sjefsmekanikeren, med mekaniker nr.2 på slep. Tett etterfylgt av lærlingen og bakerst i rekka, baner en «butikk-ansatte» seg fram, han er tolken. 4 mann står på brygga og ser ombord i båten!! Sjefsmekanikeren seier noko, eg skjønar ikkje orda, men forstår meininga. 3 mann nikkar seg eining og tolken oversette. «Now he understands, yes, you are correct. This is no problem.»

Lærlingen får beskjed om å hente verktøykassen fra bilen, sjefsmekanikeren sjølv brukar 3minutt på å fjerna 4 popnagler. Et hav av tid på å visa og forklara korleis dette skal monterast, og visar til manualar og fandens oldemor før dei omsidar ville gå og eg kunne få eta frukost. (Merk mekaniker nr.2 gjorde ingenting utanom og nikka. Lærlingen bar verktøykassen for sjefsmekanikeren. Og Tolken beklaga seg fleire gonger, då min missnøye med sirkuset ikkje heilt klarte skjulast).

Beklageleg nok, ingen bilder frå denne situasjonen.

Utpå dagen når eg går for å betala, trur du fanken meg ikkje at dei tar betalt 20€  for alt ekstraarbeid på sjefsmekanikeren. Det vart ikkje betalt. Berre så det er klart. Eg var særs høffleg ovanfor den butikkansatte då eg nekta å betala for tullet deira. Og like høffleg då eg forklarte at om dei ynskja å tena pengar måtte dei for faen sjå til å slutte med å senda 4mann for å bekrefta at ein kunde kan få lov å kjøpa ein vare.

Nok om det.

 

Endeleg alle 3 igjen

Me spolar fort over dagane som går til å koma seg i gjenge i båten igjen. Ida og Irmelin er tilbake Det er påtide å seia på gjensyn til venar i hamna og kome seg avgårde. Vi skal gå mot straumen og nordover igjen. Mot Lanzarote og Arrecife, som er starthamn for Island Odyssey som vi skal væra med i. (Ein liten organisert seilas over til Karibien).

DSC_0114

Laurdag 12. september kl.10:00 er me endeleg avgårde. 2 timar etter skjema, omtrent som forventa. Me har venta nokre dagar på rolige forhold. 1. dag på sjøen for oss alle 3 på mange månader, me vil ha ein fin tur. Noko det også visar seg å væra. Sjøen er rolig. Det er lite vind. Vi tøffar for motor og litt seil. Dei fyrste timane kjenner samtlige reisande at det er lenge sidan sist. Ida kastar opp. Foreldrene kjenner bekymringar og gamle minne koma, ikkje krypande, men i Usain Bolt fart, tilbake. Heldigvis, 5minuttar seinare er ho i storform. Smilar, ler, leikar og storkosar seg resten av turen. Vinkar og ropar etter ferjene som susar forbi. Det heile var ei fryd å sjå på. Skuldrene senka seg mange hakk. Etter omlag 10timar og 59nautisk mil er me komne til Morro Jable. Første hamn på Fuerte Ventura, frå vår retning.

 

Morro Jable

Søndag morgon, frukost i cockpit. Fint vèr. Godt alt. Så kjem dama fra bensinstasjonen (me hadde fortøyd med fyllestasjonen, då dette visstnok var normal praksis for ankomst om kvelden, for videre henvisning til ny plass om morgonen). Hamnekontoret var stengt. Dama fra bensinstasjonen var alt anna en hyggjeleg, og kun spansktalande. Resultatet var at me gjekk vidare ganske så fort. Ut på havet igjen og videre mot Gran Tarajal. Det er meget mulig at Morro Jable var ein OK plass. Men det veit me ingenting om. Takk for den.

DSC_0208

(Puerto Morro Jable)

Ny dag på sjøen

Sol, blå himmel, lite vind. Kort etappe. Ida er i god form. Leikar fint, vinkar og helsar på andre båtar. Etter nokre få timar legg ho seg også fint for å sova. Noko mor og far alltid set pris på. Ei øl vert opna. Eg legg meg nedpå framme ved baugen og koplar heilt av. Ååååh, slettes ikkje værst.

DSC_0217 DSC_0230

Plutseleg var Gran Tarajal der. Me gler oss over at Ida søv og me kan få legga til bryggja utan å måtta passa på ho. Trudde me. I det eg slakka av på farten, vakna ho av endring i motorduren. Det til tross for at eg gjorde dette over ein periode på fleire minutt, i håp om å unngå akkurat det. Noko som resulterte i skrik og skrål. Hyling og grining ut av ei anna verd. Då ho ikkje vart plukka opp av senga på direkten. Ei stressa mor spring til for å henta. Blodtrykket på meg sjølv auka også. Hekkan då. Men det heile gjekk godt. Det kom springande til folk frå nabobåtane som tok fortøyningar og drog oss inn. «You just take care of your kid, we got you». «We know what it’s like». Fint å treffa på hyggelege folk igjen etter den kalde mottakelsen i Morro Jable.

Innsjekk vart kjapt gjennomført. Dei snakka ikkje engelsk, og min spansk er under «så-som-så» nivå.

 

 

 

 

 

DSC_0276 DSC_0266

 

Gran Tarajal

DSC_0288Har vist seg å væra ein koseleg liten plass. Det bles jamnt (som heima på Jæren), og er det kaldare en kva me har vært vant med på Gran Canaria. Men heldigvis lite turistar, og stranda er så godt som tom. Ellers fremstår plassen (iallefall område rundt marinaen) som stilt, rolig og trivelig. Og her, for første gang, sidan Skottland har me kjøpt fisk. 1stk Dorada. Eg for min del skjønar ikkje heilt alt styret rundt at denne fisken skal væra så utruleg god. Dyr var han. 7€kg. Det var fisk. Og det var ein god fiskemiddag. Verken meir eller mindre.Men eg er lydhøyr for at det er mine «kokkeleringstriks» det skortar på.


DSC_0326
DSC_0358 DSC_0366

 

Sjøen vidare

Neste stopp er Isla de Lobos. Ei lita øy/holme (naturreservat) mellom Fuerte Ventura og Lanzarote.  Satsar på å liggja for anker her ei natt og to, før me går inn til Arrecife.

Og forhåpentlegvis tek me ein tur til La Graciosa, som me tok ein dagstur til i fjor, saman med morfar, onkel Arne og moster Bente.

 

Månn for denne gong.

 

 

Kommentarer

  1. Fint å sjå de leve. Menne ska kje ha noge sånn atta dæ varte lagt ud skriv om kven så må ropa på elge å sånt når «litle» pinki frå onnai kjæme å mønstre på:-)

  2. Gøy lesning, jeg føler sterkt med deg angående manjana arbeidere!

  3. Spennande å lesa om turen dokkas :)

  4. Kjekt med oppdateringer