4shared
DSC_0416

Isla de Lobos

Jeppsan, då var me her igjen.

2 netter hadde me utanfor denne «vakre» holmen.

DSC_0406

Isla de Lobos er i mine auge, tåleg lik dei andre øyene her, ein grå askehaug. Ikkje det at det ikkje er ulikheiter og estetiske aspekter å verdsetja. Det er det, for all del. Men det eg satte mest pris på var freden om kvelden. Lavastein og «hald deg innafor oppmerka veg» er ikkje mi greie.

DSC_0422

Isla de Lobos er eit naturreservat ein pisselengde nord for Fuerte Ventura og eit steinkast sør for Lanzarote. Av severdigheter nevner jeg ingenting. Då dette strengt tatt berre er ein plass å sjå, utan nokre severdigheter. Kort oppsummert er det ein askehaug, med mykje lavastein, ei lita strand og ein høydetopp på rundt 200m.

Navnet til øya har sitt opphav frå sjøløvebestanden som dominerte der då spanjakkane kom til Kanariland på 1400talet. Noko dei endra. For det er ikkje sjøløver der no. Dei var visst grassat gode å eta (dyra altså). Kanskje noko å tenka på for Akvariet i Bergen, dei kunne kanskje solgt nokre slaktedyr på hausten dei òg.

Siste mann til å permanent forlata holmen var fyrvoktaren med familie ca 1960. Me tok sjølvklårt turen til fyret for å kikka på greiene. Eg vurderte å fortelja Irmelin om sista fyrvoktaren på Hå, og korleis einsomheten og utfordringane dreiv han og sønene inn i Hawaii-skjorter og likeeins musikalsk utfoldelse. Men fann det best å la vær.

Før eg fortel meir bør eg vel informera besteforeldre at Ida hadde nok ein fin dag på sjøen for å koma seg hit. Ingen teikn til sjøsjuka eller anna «uhæma».

DSC_0395

 

DSC_0387

 

Ein tåleg solrik dag gjekk fint forbi, me ankom Isla de Lobos omkring kl. 1800 om kvelden. Det hadde vært, og var nok strengt tatt fortsatt ein varm dag. Eg fata mot, og hoppte på sjøen. Sidan me forlot Noreg er dette nå gong nr. 2 noko slikt har skjedd. (ikkje sjølve badinga, det har forekome eit par gongar, men bading frå båten).

 

Etter dette var det tid for kveldsmat og leggetid for Ida. Me 2 andre rigga oss til med projektor, lerret og 2 episodar av Game of Thrones ute i cockpit. Slikt må nå væra lov frå tid til anna. Det var hærleg å ligja for anker, mørkt, stilt og fint. Med ei jamn behageleg gynging. (det siste var eg åleine ombord til å setja pris på).

Neste morgon kom så altfor tidleg på. Ida var i kjent stil snar om å gripa dagen. Korleis kan det ha seg at den ungen aldri vil sova frampå?! Frokost vert sett til livs. Gummibåten sjøsett. Og et svært lass av ting, som vi må ha med på land-ekspedisjon, blir klargjort.

I landsettingen krever 2 turer med jolla. Då me ikkje lir under noko tidspress gjer det igrunnen ingen ting.

Med alt endeleg i land, tek me føtene fatt på rundturen. Det er ikkje bilar her. Ikkje segway eingong. Men men, apostlenes hestar er mine vener, som eg plar seia.

Me går forbi «restuaran»‘ten, ei lita bukt med nokre småbåtar i. Eit hus og to. 1-2-3-4-5-10-10.000 steiner og ein vissen busk. Når fyret. Vurderer å ta turen opp på toppen av vulkanen, men dropper det, og går direkte til stranda. Ida og Irmelin bader. Ida set seg plutseleg ned i hockey-stilling ved vannkanten, lettare brydd og «snarrådig» stiller eg meg skjermande opp og tek hundetrikset. Grav sand over med føtene, og håp at ingen såg det.

Timane har utruleg nok rast avgårde, og det er tid for å ta turen heim igjen. Eg lastar sekkar og barnevogn på nytt i jolla. Ho ser noko overlessa ut, og ei dama som står på brygga ser med store auge og følgjer med. I det eg har fått start på påhengsen vært i land for å ta fortøyning, tatt hoppsats oppi, blir augene på tilskodaren større, ho smilar bredt og gir meg tommelen opp. Eg smilar tilbakars, gir tommel opp og tenkjer; «Sjå! Sjå her verden, her ser dykk ein ekte mann.»

Me har ei ny flott natt for anker. Jentene tek tidleg kveld, medan eg sit ute og les. Slike kvelder er sjeldan.

I skrivande stund ligg me i Lanzarote Marina i Arrecife. I kveld er det konsert i marinaen og den heldige DJ’ens tonar straumer høgt utover brygga. Slikt slepp en ute ved anker. Me har vært her i byen nokre dagar no. Og gjer oss klar for å ta til La Graciosa på mandag. Då blir det ei veke halvanna på den koselige holmen me såvidt vitja i fjor.

Me lyt høyra frå oss igjen etter det.

Kommentarer

  1. Ikkje så. Det ventes og det gledes.

  2. Sivert Moen sier:

    Ikkje sååå lenge igjen nå?